Vakt i suldalshallen
Alle medlem over 18 år deler på å halda vakt i Suldalshallen. Dette er ein møteplass og sosial arena for mange! Dei som ikkje er trenar eller styremedlem sit ei eller to vakter pr. år. Vakttida er frå kl. 17:00 – 22.00.
Kan du ikkje møta til oppsett tid, må du sjølv bytte med ein annan på lista, eller høyre med nokon andre du kjenner (over 18 år) om hjelp. Før opp endringa på lista som ligg i vaktrommet saman med rutiner for vakta.
Suldalshallen har automatisk låsesystem. Hallen opnar automatisk kl. 16:45 og stengjer kl. 21:00 før haustferien og etter påske. Den opnar kl. 16:45 og stengjer kl. 21:30 etter haustferien og før påske. Dørene kan alltid opnast frå innsida. Er hallen tom når dørene blir låst kan du avslutte vakta. Er det folk i hallen er du til stades til kl. 22.00. Kl. 22.00 må du be alle forlate byggjet.
Oppdatert Vaktinnstruks og Vaktlister for IL Sand finn du under







