Rettleiing for publisering på heimeside, facebook og sosiale medier:
Hovudreglar
- Det alltid skal innhentast samtykke frå alle som lett kan identifiserast på bilete før det blir publisert. Dersom dei som er avbilda er under 15 år må samtykke innhentast både av barn og føresette. Samtykke kan var munnleg, men må vera aktivt (stilltidande samtykke gjeld ikkje)
- Situasjonsbilete kan nyttas utan samtykke. Då skal det vera heilt klart at det er situasjonen ein tar bilde av og at det kan vera kven som helst som er avbilda.
- Dersom nokon under 15 år ikkje ønsker å bli tatt bilde av skal dette overstyre føresette sitt samtykke.
- Var bevisst på kva situasjon ein tek bilde Pass på at ingen er lettkledd/nakne på biletet som blir tatt.
- Lagbilete/gruppebilete skal alltid ha samtykke.
- Dersom eit samtykke vert trekt tilbake må publiserte bilete og filmar slettast.
Heimesida
Det er oppretta ein brukar pr. gruppe til publisering på heimesida i tillegg til ein brukar for styret.
Gruppa er sjølv ansvarleg for å utpeika ein person med ansvar for publisering via heimesida. Det er ønskjeleg at heimesida er mest mogleg levande og at aktiviteten i laget vert gjespeila på nettsida. Hovudansvaret for dette ligg til gruppeleiar for dei ulike gruppene.
Dei som ynskjer å få publisert innlegg på heimesida sender tekst og evt. bilete til den personen i gruppa som er tildelt ansvaret for publisering. Dersom bilete vert brukt må retningslinjene under følgjast. Den som sender bilete til publisering er ansvarleg for at dette er i orden og den som publiserer skal forsikra seg om dette før innlegget vert lagt ut
Det er fleire brukarar som er gitt tilgang til publisering via IL Sand sine Facebooksider.
Det er eit ønskje om at mest mogleg av nyheiter og oppdateringar vert publisert via heimesidene våre og linka vidare til Facebook, men dette avhenger av kva type innlegg det er. Noko egnar seg best kun på Facebook. Den som publiserer saker direkte på Facebooksida er ansvarleg for det som vert lagt ut. Dersom bilete vert brukt må retningslinjene under følgjast.
Sosiale medier
IL Sand sine primære informasjonskanalar er heimesida og facebook. Dersom det er ynskje om å nytta andre plattformarar for å dela IL Sand sitt glade bodskap skal dette løftast opp til styreleiar eller styret for godkjenning før iverksetting. Her gjeld også retningslinjene under.
Rettningslinjer vedtatt på styremøte 04.12.2024







