Sesongstart for volleyball!
Forfatter: Ingvild Hetland
14. september 2026
Vestcup vart arrangert i helga, og Sand deltok med to lag. U15-jentene var meir enn klare for å spela volleyball igjen. Etter å ha kjempa seg gjennom ein tøff sesong ifjor viser det harde arbeidet å løna seg. Etter ein siger og to tap mot gode motstandarar havna jentene i kampen mellom 9. - 12. plass, og her gjer jentene reint bord med 2-0 i begge kampar og ein flott 9. plass. 🤩 På laget, frå venstre bak: Vilje, Emma, Synne, Mille og Erle. Frå venstre framme: Olivia, Sara, Amalie og Rozina.
I kvinneklassen for 2. divisjon stilte IL Sand med eit ferskt lag som hadde sin første kamp saman. Etter ein tøff start på turneringa snur jentene det, og viser godt humør og flott volleyball-spel. Jentene kjem til semifinale, og møter hard motstand frå Gjesdal IL. Sandsjentene opnar sterkt, men Gjesdal tek igjen og vinn kampen om finalebiletten. I bronsefinalen møter Sand KFUM Stavanger. Ein spennande kamp, der IL Sand vinn 2-0 og hentar tredjeplassen heim. 🥳 På laget, frå venstre bak: trenar Vidar, Olina, Vilde, Therese, Julie og Henriette. Frå venstre framme: Runa, Siri, Ane og Guro.
Strålande innsats av jentene! 🙌 Me vil òg seia tusen takk til verdens beste heiagjeng! 💛 Me gler oss til resten av sesongen! 🤩🏐