Informasjon frå styret
Siste løp for vinteren
Forfatter: Aslak Øie Brinkbo
20. februar 2026
Forside
Siste løp for vinteren
Vinterens siste løp er vel gjennomført! Deltakarane har teke utfordringane i all slags vêr, og me har fått sjå mykje god innsats og flott løping gjennom heile vinteren. Etter målgang vart det premieutdeling, kaker og kaffi, og ei fin avslutning på løpsserien.
Totalt har me hatt 40 deltakarar denne vinteren:
- 13 deltakarar sprang kort løype utan tidtaking. Her fekk alle medalje, uavhengig av kor mange løp dei deltok i.
- 12 deltakarar i lang løype fullførte minst tre av fire løp og sikra seg medalje.
- 9 deltakarar klarte å fullføre alle fire løpa i vinterserien.
I tillegg vart det trekt ut tre gåvekort på kr 200,- blant alle deltakarane.
Tusen takk til alle som har vore med! Me gler oss til nye løp neste år.