Referat frå Førlandsøyane Trail Run
Forfatter: Magnus Skjefstad
02. april 2024
et vart ein heller fuktig oppstart av mosjonsløpet «Førlandsøyane Trail Run»
palmelaurdagen. Regn og kjølig ver gjorde nok at fleire felte seg av, men likevel fann om lag
50-60 personar vegen og rundt 40 stk sprang eller gjekk runden og sikra seg den flotte
medaljen som vart laga til løpet.
Til start stod både unge, vaksne og eldre. Alle i godt humør både før start og etter målgang,
her var alle vinnerar og ingen resultatlister. Fellesstarten gjorde likevel at fleire hadde god
konkurranse og kniva seg imellom. Løypa var 3,5 km på ein runde og 6,4 km på to rundar og
det var flott å sjå at alle disponerte løpa godt og kom i fin stil til mål.
9.klasse ordna med salg av kaker, kaffi og brus til inntekt for skuletur. Dette til stor glede for
store og små. Ein ekstra premie med kaker og kaffi på løp. Arrangørane fekk gode
tilbakemeldingar på fine løyper og eit kjekt arrangement.
Stor takk til 9.klasse for kiosksalg, takk til grunneigarane og tusen takk til alle som kom,
sprang og heia!
Me sjåast igjen til neste år !
Sjekk bildekarusellen under
Startfeltet:
Sondre og Vibecce Herabakka mot mål:
Albert Nærheim - Dagens eldste deltakar:
Erlend Widerø Henning tar imot døtrene i mål:
Spreke gutar som trossa regnveret:
Vått og grått, men kjekt med medalje!