[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Strålande sesongstart for IL Sand

Forfatter: Elin Mikkelsen Bakka og Ingvild Hetland

20. oktober 2026

Forside
News article image

I helga gjekk den første volleyballturneringa i ungdomsserien av stabelen. 

IL Sand deltok med lag i tre ulike klassar; u15, u17 og u19.

Overbevisande spel i u17

Først i aksjon var u17-jentene. Dei fekk ein svært god start på sesongen. I gruppespelet møtte IL Sand, Austrått IL og KFUM Stavanger. Begge desse laga måtte sjå seg slått 2-0 av Sandsjentene.

Gjekk heilt til topps

Også i sluttspelet gjorde IL Sand reint bord. I kvart- og semifinalen venta to ulike lag frå Gjesdal IL. Begge desse kampane enda 2-0 til Sand.I finalen venta Austrått IL.

IL Sand sine jenter spelte veldig bra i første sett og vann 25-10. Det andre settet vart prega av litt meir spenning, men jentene jobba godt og settet enda til slutt 25-20 til IL Sand. Med det kunne jentene jubla for første plass i sesongdebuten, der det var 11 lag som kjempa om dei gjevaste plasseringane.

Fortsatte det gode spelet

Søndag var det duka for spel i u19-klassen. IL Sand stilte med nesten same tropp. I begge dei innleiiande kampane mot KFUM Stavanger og Sandnes VBK trakk Sandsjentene det lengste strået og vann 2-0.Som gruppevinnar gjekk IL Sand rett til semifinale mot Austrått IL, ein kamp Sandsjentene vann komfortabelt 2-0.

Thrillerfinale mot Gjesdal IL

I finalen venta Gjesdal IL, eit lag som dei siste sesongane har bydd på hovudbry for IL Sand. Dei siste oppgjera har enda med siger til Gjesdal, som også har vunne fleire NM-medaljer dei siste sesongane.Kampen starta med siger til IL Sand i første sett. Jentene leda også deler av andre sett, men Gjesdal drog knepent i frå og vann settet. Med det var det duka for eit tredje og avgjerande sett. Laga følgde kvarandre frå start, men diverre var Gjesdal sterkast når det heile skulle avgjerast. Men med berre eit tap heile helga, kan laget verkeleg seie seg nøgde med sølv i u19-klassen. Totalt deltok 6 lag i u19.

Imponerande spel av u15-jentene

For IL Sand stilte eit ferskt samansett lag i u15-klassen, med både erfarne spelarar og nye tilskot. I første kamp møtte dei Haugesund Volleyballklubb Hvit. IL Sand vann første sett, før Haugesund vann andre og tredje sett. I neste kamp i gruppespelet venta Randaberg VBK. Her viste gjengen kva dei er gode for, og vann 25-19 og 25-20.

I kvartfinalen vart motstandarlaget Hinna Glitter. Her møtte Sand eit sterkt lag, der IL Sand måtte sjå seg slått, 2-0.

Landa ein flott 5. plass

Etter kvartfinalen venta ein kamp om 5. og 6. plass, igjen mot Haugesund Volleyball Hvit. Dette vart ein kjempespennande og jevn kamp, der begge lag kniva om kvart poeng. 

Første sett vann Haugesund, før Sand kjempa seg til seier i andre og tredje sett, med settsifra 25-23 og 15-13. IL Sand fekk slik 5. plass, av totalt 19 lag i JU15, ei sterk opning av sesongen av eit flott lag på 12 og 13 år.

U15, bak frå venstre: Vilje Johnsen Barka, Marita Natland, Helena H. Melhus, Mille Elida Borge Berkåsa og Synne Hetland. Framme frå venstre: Emilia H. Melhus, Amalie Støle og Erle Myhr Åmås. Foto: Ingvild Hetland

U17/u19-troppen: Nora Herabakka Tveiten, Julie Mikkelsen Laugaland, Therese Østebø, Vilde Hetland, Henriette Marvik Hølland, Ane Mikkelsen Laugaland, Guro Søraas Vasshus, Runa Hauan Benninghoff og Ariel Sagsveen-Ollila.