[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Bedriftsturnering i innebandy - 26.03.2022

Forfatter: Magnus Skjefstad

27. mars 2022

Forside
News article image

Gratulera til KV-bygg Suldal som vinnar av årets bedriftsturnering!

Etter eit år med koronapause var det igjen duka for prestisjefylte oppgjer mellom lokale bedrifter, vennegjengar og andre konstellasjonar på innebandybanen i Suldalshallen.

Totalt 11 lag stilte på parketten, og fordelt på to puljer med etterfølgjande kvartfinale, semifinale, bronsefinale og finale vart det gjennomført 33 kampar før vinnaren var kåra.

På banen var det ikkje noko å seia på innsatsen. Når fløyta gjekk vart både alder, hemningar og eventuelle skavankar lagt til sides. Sjølv om enkelte nok kjende at viljen var større enn evnen var det ingen som gav seg utan kamp!

Så langt arrangøren kjenner til var det heldigvis ingen større skadar blant deltakarande og me håpar alle stiller friske og raske på jobb på mandag (støle og god)! :)

Kvelden vart avslutta med bankett og premieutdeling på Ryfylke Fjordhotell og Basecamp. Det var tydeleg at deltakarane hadde spart litt krefter til feiringa og…!

Me håpar alle hadde ein kjekk dag saman og at me neste år ser endå fleire lag på parketten!

Med dette ønskjer IL Sand å takka alle som har bidratt for å få arrangementet i havn, ei spesiell takk til primus motor Geir Vela som dreg arrangementet i gong år etter år!!

Resultat Bedriftsturnering i innebandy 2022:

  • 1. plass - KV Bygg Suldal
  • 2. plass - Ryfylke Elektro
  • 3. plass - Suldal Hyttebygg
  • Beste damelag - Suldal Økonomi og Rådgiving


Custom image

Finale: KV bygg i grønn mot Ryfylke elektro i svart

Custom image

Finale: KV bygg i grønn mot Ryfylke elektro i svart

Custom image

Bronsefinale: Helgevold elektro i svart mot Suldal hyttebygg med gul vest.