[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Volleyballglede og siger i Vestcup

Forfatter: Magnus Skjefstad

09. september 2024

Forside
News article image

IL Sand sine volleyballjenter har i helga starta innandørssesongen på Vestcup i Stavanger. Heile 25 jenter frå 7. -10. trinn deltok i den tradisjonsrike turneringa som vart arrangert for 35. gong. IL Sand stilte med to lag i u15 og eitt lag i u17.

I u15 spelte jentene, som i helga var fordelt på Sand 1 og Sand 2, mange gode kampar. Sand 1 som består av jentene som har spelt lengst, enda til slutt på ein flott fjerde plass. Dei vann sine tre første kampar mot Hinna, Haugesund og Stavanger ganske så overlegent. Etter knakande godt spel innleiingsvis, måtte Sand 1 til slutt sjå seg slått av eit anna Stavangerlag i semifinalen(0-2). I bronsefinalen venta nabo Vindafjord. Ein spennande kamp som til slutt enda 2-1 til naboane.

Sand 2 som består av jenter som i fjor spelte minivolleyball og jenter som nyleg har starta på volleyball, imponerte og gav god motstand i sine kampar. I første kamp venta Austrått som vann knepent 2-0(25-22 og 25-21) Andre gruppespelskamp var mot Stavanger som vart for sterke i første sett, men dei unge Sandsjentene reiste seg skikkeleg og gav god motstand i andre settet som enda 26-24 til Stavanger. Tredje kamp vart også ein jamnspelt thriller som enda 2-0 til Randaberg. I kvartfinalen i B-sluttspelet kom endeleg sigeren! 2-1 over Sandnes, etter nok ein thriller, vart ein skikkeleg opptur. I dei to siste kampane Sand 2 spelte, var motstandarane hakket kvassare og drog sigeren i land. Sand 2 enda til slutt på 16. plass av totalt 18 lag i den klassen.

Jentene i u17 deltok for første gong i denne aldersklassen. I gruppespelet fekk jentene god motstand i første kamp og tapte kampen 2-0 mot Vigør. I neste kamp venta Austrått som IL Sand sine jenter vann 2-0 over. I kvartfinalen var det Haugesund som stod klare på andre sida av nettet. Dette vart ein grei kamp for Sandsjentene å vinna. I semifinalen var det duka for nok eit møte med Austrått, ein kamp som igjen IL Sand vann. I finalen venta atter ein gong Vigør som dei tapte mot i første kamp. Men ettersom det viste seg at dette laget stilte med jenter som var for gamle til u17 klassen, vart finalesigeren tilkjent IL Sand allereie før start. Jentene ønska likevel å få kamptrening og gjennomførte ein spennande kamp som dei eldre jentene frå Vigør knepent vann.

Av trenarar stilte IL Sand med Vidar Jørgensen Nærheim, Ørjan Solbakken, Ingvild Hetland og Elin Mikkelsen Bakka. Karen Hiim Benninghoff er også med i trenargruppa.

Helga kan oppsummerast med mykje godt spel og minnerike opplevingar i lag, både på og utanfor banen.

Me ser fram til ein spennande volleyballhaust med rekordstor spelartropp.

For volleyballgruppa i IL Sand, Elin Mikkelsen Bakka.