[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Årsmøte 2020

Forfatter: Magnus Skjefstad

11. mars 2020

Forside
News article image

Nettbasert årsmøte den 27. mai 2020.

IL-Sand held årsmøte for sine medlemmer onsdag 27. mai kl 19.00.

Grunna den pågåande koronasituasjonen vert møtet holdt via nett.

Nettløysinga me bruker er Microsoft Teams og ein kan følgje møtet anten ved å laste ned dette programmet eller delta direkte via nettlesaren (ikkje bruk Explorer).

For å ha best mulig oversikt over kven som deltek ønskjer me at dei som vil følge møtet sender ein e-post til [email protected] i god tid på førehand.

Ein vil då få tilsendt link til møtepålogging direkte på sin e-post.

Om ein ikkje gjer dette kan ein fortsatt delta på møtet ved å følgje linken under (husk å ikkje åpne linken i explorer).

Av praktiske årsaker ber me alle om å sette seg inn i årsmøtedokumenta på førehand.

Dei finn de i lista under.

Klikk her for å delta på møtet!

Logg deg på i god tid slik at du er klar når møtet startar.

Vel møtt!

//Styret