[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Volleyballturnering for jenter 15 i Farsund

Forfatter: Magnus Skjefstad

15. november 2022

Forside
News article image

I helga har volleyballgruppa til IL Sand stilt med to lag i klassen jenter 15 i Farsund!

I helga har volleyballgruppa til IL Sand stilt med to lag i klassen jenter 15 i ungdomsserien. Arrangementet gjekk over to dagar og vart arrangert av Farsund og Lista IK.

Dette var andre turneringa i sesongens seriespel og det var ein veldig kamplysten gjeng som reiste av garde fredags ettermiddag til det blide sørlandet.

Sand 1 vann begge sine kampar i gruppespelet og vann også 8. delsfinalen. I kvartfinalen vart det eit knepet 2-0 tap for Kopervik med settsifra 25-22 og 26-24. I kampen om 5.-8. plassen enda Sand 1 til slutt med ein flott 5 plass av totalt 18 lag og vann begge dei to siste kampane.

Sand 2 vann ein og tapte ein kamp i innleiande runde og i kampen om 9.-12. plass gjekk dei seirande ut av begge kampane. Den siste kampen mot Hinna Volleyball, vart ein triller i dei to første setta med settsifra 20-25 og 25-22. Det tredje settet vart vunne på overbevisande måte, 15-5 og Sand 2 kunne reisa heim med ein finfin 9. plass.

Alt i alt ei strålande helg med mykje idrettsglede. Laga fekk med seg mykje god kamperfaring og me ser med glede fram til vidare seriespel.

Neste turnering er i Stavanger laurdag 10. desember.

Kampresultat:

Sand 1:

Sand 1 – Kopervik Volleyballklubb: 2-0 (25-17, 25-12)

KSK 2 – Sand 1: 0-2 (20-25, 16-25)

Sand 1 – Lauvåsen: 2-0 (25-9, 25-21)

Kopervik Volleyballklubb 1 – Sand 1: 2-0 (25-22, 26-24)

Sand 1 – Austrått Spike: 2-0 (25-20, 25-21)

Austrått Attack – Sand 1: 1-2 (17-25, 25-19, 6-15)

Sand 2:

Sand 2 – Haugesund Volleyball 1: 0-2 (5-25, 8-25)

Sandnes Volleyballklubb – Sand 2: 1-2 (6-25, 25-14, 10-15)

KSK 1 – Sand 2: 2-0 (25-16, 25-10)

KFUM Stavanger 2 – Sand 2: 0-2 (10-25, 18-25)

Sand 2 – Hinna Volleyball: 2-1 (20-25. 25-22, 15-5)