Volleyballjentene på tur til Kristiansand
Forfatter: Magnus Skjefstad
12. februar 2024
IL Sand stilte i helga med laga «IL Sand Håplaust» og «IL Sand Makalaust» til sesongens fjerde serierunde i Kristiansand (US 4, JU15). Turneringa gjekk av stabelen søndagen, men laga og trenarstaben reiste sørover allereie på laurdagen.
Det vart ein lang tur ned. Mykje snø og vind gjorde at trafikken gjekk seint, men fram kom me. Innlosjert i 6-mannshytter fann dei 17 jentene seg godt til rette
Ein tidligare yrkesskuleelev som gjekk på skule på Sand på 70-talet, hadde lese innlegga i Suldalsposten om volleyballjentene og syntest dei fortente noko ekstra. Han donerte ein sum pengar, som skulle gå til eit sosialt tiltak for gruppa. Valet fall på «Lasertag» på Lucky Bowl i Kristiansand. Her kjempa dei, lagvis med 4-5 jenter, mot kvarandre i laserkrig. Jentene storkosa seg og sende ein stor takk til den gavmilde yrkesskuleeleven på video.
Fleire av dei påmelde laga er allereie klare for NM, noko som viste igjen på banen. Mange av laga gav oss tøff motstand.
Sand – Håplaust var i pulje med Vigør IL og Dristug IL, begge klare for NM i april. Dei gav oss god motstand, men jentene frå IL Sand vann begge kampane, med 2-0 og 2-1 i sett.
Etter ein nokså enkel seier i kvartfinalen mot Gjesdal, vart det litt tøffare i semifinalen mot KFUM Stavanger. 2-0 i begge desse kampane sikra finaleplass. I finalen venta NM-klare Kristiansand Sandvolleyballklubb (KSK) som viste seg frå si beste side og gav jentene frå IL Sand tøff motstand. Laga følgde kvarandre tett innleiingssvis, men KSK vart for sterke og vann tilslutt 2-0.
Sand – Makalaust hadde berre eit lag i si gruppe, og dette var KFUM Stavanger. Stavanger-laget viste seg å vera litt for sterke og tok heim sigeren med 2-0 i sett.
Vidare gjekk vegen for Sand - Makalaust til kvartfinalen, der laget møtte KSK. Her blei det hard mostand i første sett, men i andre sett heva dei seg og gav KSK god motstand. Kampen enda til slutt 2-0 til KSK.
For Sand - Makalaust vart det til slutt spel om 5. - 7. plassen. Etter ein lang og krevande dag i hallen, slitne jenter og nok ein tett kamp, enda det med siger til KFUM Stavanger 2.
Alt i alt så er me godt nøgde med innsatsen og volleyballjentene til IL Sand tek med seg heim 2. og 7. plass. Samanlagt i serien ligg IL Sand Håplaust på 1. plass og IL Sand Makalaust på 4. plass.
På vegne av volleyballgruppa i IL Sand, Ørjan Solbakken og Ingvild Hetland.