[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Minirunde i Hetlandshallen

Forfatter: Magnus Skjefstad

04. februar 2024

Forside
News article image

Søndag 4. februar var 9 spelarar frå IL Sand tilbake i Stavanger for å måla krefter mot lag frå sørfylket!

Ein flott gjeng spelarar spredt i alderen 1. til 6. klasse viste verkeleg igjen på bane 2 i Hetlandshallen!

Å konkurrera i klassen «gutt 4.-5.klasse» var ingen sak for denne gjengen trass den store aldersspreiinga!

4 kampar vart spelt og resultatet vart ein uavgjort og tre seier:

  • Vaulen IBK - IL Sand: 2-2
  • Sandnes IBK Sandved - IL Sand: 0-5
  • IL Sand - Sandnes IBK Tigerstjerne: 3-1
  • IL Sand - Ålgård Spiders: 2-1


Alle var strålande fornøyd og dagen vart som vanleg avslutta med besøk på Mc Donalds før heimreis.

Gratulera med flott innsats til alle saman!

Me gler oss til neste tur!

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nokre bilder frå turneringa:

Custom image

Tjeran, Emil og Sara er klar til innsats!


Custom image

Monja, Mari, Emma og Birk står klar til å bli bytta inn på banen!

Custom image

Mari i duell.

Custom image

Emil i farta. Full innsats for å rekke ballen først!

Custom image

Fornøyde spelarar ventar på mat!

fv: Mari Hoftun, Tora Hoftun, Birk Goa Bråtveit, Emma Myklebust, Lars Henrik Lyngmo Hägglund, Sara Brekke Nevøy, Monja Goa Bråtveit, Emil Herabakka og Tjeran Goa Bråtveit.