[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Statkraftcup 2026

Forfatter: Thomas Brustveit

24. mars 2026

Forside
News article image

Laurdag 7. og søndag 8. mars var det igjen duka for ein ny runde med statkraftcup og ein kickstart for årets sesong 2026. I år var det 252 spelarar fordelte på 37 lag som samla seg til to dagar med fotballglede i Suldalshallen på Eide.

På laurdagen var det mini-knott og knott som starta showet med ein innsats og ein iver som høyrer med på cup. Her var det 118 spelarar som gav alt frå start til slutt. Kjempebra jobba av heile gjengen.

På søndagen var det lilleputt og ungdom sin tur. Dette er dagen der sekretariatet må flyttast litt lengre vekk frå vantet. Her var det 134 spelarar som ga alt for å få med seg pokalen heim. Dette er gruppene me kan rangere, og pallen for året blei som følgjer:

Lilleputt: 1.plass – Sand 3. 2.plass – Sand 1. 3.plass – Jelsa

Ungdom: 1.plass – Sand 3. 2.plass – Erfjord 1. 3.plass – Erfjord 2

Om alt går som planlagt, vil neste års cup bli arrangert 13.–14. mars 2027.

Me vil denne gongen òg takke sponsorane våre og alle som stilte opp på dugnad. Utan dei hadde ikkje dette gått. Me vil òg rette ein stor takk til Bunnpris som leverer og stiller opp for kioskgjengen. Og til slutt dommarane som gjer ein makelaus jobb.

For ei meir utfyllande oppsummering med tekst og bilete, anbefaler me at ein går inn på Suldalsposten sine sider og les den gode artikkelen dei har lagt ut.

https://www.suldalsposten.no/kultur/statkraftcupen-tilbake-for-fullt

Snakkast igjen til neste år!

Med helsing

Idrettslaget Sand

Custom image
Custom image
Custom image
Custom image