[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Sandsjentene i NM-sanden

Forfatter: Magnus Skjefstad

02. august 2024

Forside
News article image

Sandsjentene har tevla i volleyballsanden og me har fått denne rapporten frå Karen Hiim Benninghoff.

Sommaren har ikkje bare vore ferie for volleyballjentene. Når våren kjem, startar sandvolleyballturneringane som endar med Norgesmeisterskap i Oslo 19 - 27 juli. I nytrykte rosa drakter med talet 1 og 2, reiste fem sandslag til Oslo for å spele Norgesmeisterskap i juniorklassen U15 og U16.

Vêret veksla mellom full sommarstemning og eit voldsomt regnvêr. Dette la likevel ikkje dempar på innsatsen på banen, og sandsjentene bemerkte seg med gode plasseringar i JU15 (jenter under 15 år). I denne klassen var det 29 lag som tevla. Runa Hauan Benninghoff hadde lånt seg makker frå Vindafjord, Anita Blikra. Dei spelte seg opp til ein 17. plass. Ruth Solomon og Donata Ngabire fekk mange tilskodarar si merksemd med intens jobbing på banen. Dei enda til slutt på ein sterk 6. plass. Therese Øvstebø og Olina Nerheim kjempa seg heilt til semifinalen der dei måtte sjå seg slått. Og etter eit knepent tap i bronsefinalen, enda det med ein imponerande 4. plass.

Etter JU 15, var det klart for JU 16-NM. Her var det 45 lag med, og nivået var eit hakk høgare. Therese og Olina enda her på ein 25. plass medan Liva Solbakken og Kristine Eikesaas spelte seg til ein 21. plass.

Jentene kan endeleg ta seg ein fortent liten pause før innandørssesongen startar i august.

Karen Hiim Benninghoff