[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Nye overtrekksvester

Forfatter: Thomas Brustveit

24. mars 2026

Forside
News article image

Vi ønskjer å rette ei stor og oppriktig takk til Sparebanken Norge for det generøse bidraget til idrettslaget Sand.

Takka vere støtta deira har vi fått nye overtrekksvester i fargane raud, blå og svart, tilgjengelege i tre ulike storleikar. Dette gjer det enklare for oss å organisere treningar og aktivitetar på ein god og inkluderande måte, samstundes som det bidreg til auka trivsel og samhald blant både små og store utøvarar.

Slike bidrag betyr mykje for eit lokalt idrettslag, og vi set stor pris på engasjementet de viser for nærmiljøet og idrettsgleda.

Tusen takk for støtta!

Med venleg helsing

Idrettslaget Sand