[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Volleyballgjengen i aksjon i helga!

Forfatter: Magnus Skjefstad

23. oktober 2023

Forside
News article image

Både store og små fekk testa volleyballbanen i helga.

4 lag frå 4. - 7. klasse deltok i turnering i Austrått-hallen, laurdag 21. oktober. Her var det totalt 20 lag med i klasse for mini-3. Målet for turneringa var å spela mot andre lag, og kjenna på korleis det er å vera i kamp. Spelarane var kjempegode og veldig glade for å ha deltatt på eit flott arrangement. 


På søndagen var det klart for J-15 laga frå Sand. For dei var turneringa plassert i Ynglinge-hallen i Stavanger, saman med totalt 16 lag i sin klasse. Etter nokre ekstremt spennande kampar for begge lag, med fantastisk innsats, og ein kamp mot kvarandre i kvartfinalen, enda laga på  3. og 5. plass. 


Gratulera til både små og store volleyballspelarar frå IL Sand! 


Spelarane:


Custom image


Mini 3: Bak frå venstre: Ola Husebø Eikesaas, Vemund Nerheim Hjelkrem, Johannes Jørgensen Nærheim, Emmanuel Hakizimana, Jakob Veka, Ane Mikkelsen Laugaland, Hannah Johanne Soffe. Framme frå venstre: Riham Amar Suldman, Mille Elida Borge Bergkåsa, Synne Hetland, Sara Brekke Nevøy, Ida Solbakken, Emilie Hoftun Helgeland.


Custom image


J15: Bakerst frå venstre: Ariel Sagsveen-Ollila, Lillie Love Johnsen Barka, Vilde Brekke Nevøy, Olina Jørgensen Nærheim, Julie Mikkelsen Laugaland, Nora Herabakka Tveiten, Kristine Husebø Eikesaas, Oda Aurstad Hustveit, Vilje Stenevik Lauvås, Vilde Hetland. Midten frå venstre: Guro Søraas Vasshus, Liva Solbakken, Runa Hauan Benninghoff, Ruth Yeebio Solomon, Donata Ngabire, Therese Østebø. Framme: Henriette Marvik Hølland.