[email protected]


Logo
Bli medlem
Informasjon frå styret

Haugaland Open 2022

Forfatter: Magnus Skjefstad

22. oktober 2022

Forside
News article image

IL Sand sitt ungdomslag har i helga målt krefter mot lag frå heile regionen under turneringa «Haugaland Open» som vart arrangert i DeepOcean Arena i Haugesund lørdag 22. oktober!

IL Sand sitt ungdomslag har i helga målt krefter mot lag frå heile regionen under turneringa «Haugaland Open» som vart arrangert i DeepOcean Arena i Haugesund lørdag 22. oktober!

Dette er første gang dette laget stiller i klassen G15, og dei merka fort at nivået var skrudd til nokon hakk sidan i fjor.
Men trass i ein tøff opningskamp mot Stavanger IBK (som til slutt gjekk av med sigeren i heile turneringa) beit Sand godt frå seg i resten av kampane dei spelte.
I gruppespelet havna dei til slutt på ein 3. plass i gruppa, avgjort på målforskjell, noko som gjorde at spel om pallplassene glapp denne gang.

I kampen om 5-7. plass spela dei to jamne kampar og enda til slutt på 6. plass! Grei debut i ny aldersgruppe der marginane ikkje heilt gjekk vår veg i dag.

12 slitne spelarar returnerte med mykje god læring i bagasjen og alle er klare for å bita enda sterkare frå seg neste gong!

Slik vart kampresultata:

Stavanger IBK-IL Sand: 8-2
IL Sand-Sædalen IL: 2-0
Søreide IL-IL Sand: 3-3
Sædalen IL-IL Sand: 3-2
IL Sand-Karmøy IBK: 2-0