Klubbhuset
Husreglar og leigeavtale for leige av IL-Sand sitt klubbhus:
Husreglar og leigeavtale
- Ved leige av klubbhuset inngår bruk av kjøkken, toalett og selskapslokale med balkong. Nøkkel avtalast overlevert hos hussjef Ove Breistein tlf 97692082
- Leigetakar er ansvarleg for at klubbhuset ikkje blir nytta på ein slik måte at omdømmet til Idrettslaget Sand og klubbhuset vert skada.
- Det er røykeforbud i Klubbhuset. Det gjeld også rett utanfor inngangsdøra og balkongen.
- Det er ikkje tillate å nyta alkohol på festar i privat regi. Ved særskilte høve kan det søkjast til hovudstyret om dette (send epost til [email protected]).
- Leigetakar er ansvarleg for skadar på hus og inventar ved leigetilhøvet. Dersom skader oppstår på hus eller inventar skal reparasjoner betalast på leigetakar si rekning.
- Me anbefalar leigetakar om å kontrollera hus og inventar for synlege skadar før bruk, og rapportera eventuelle funn til hussjef Ove Breistein tlf 97692082.
- Leigetakar pliktar å sette seg inn i dei ulike instruksane som fylgjer klubbhuset; Kjøkkeninstruks, Møbleringinstruks, Reinhaldsinnstruks og Branninstruks. Alle instruksar er å finne i eigen perm på kjøkkenet og på nettsida til ilsand.
- Det skal ikkje nyttast levande lys, det finnes mange gode LED-alternativ.
- Ved avslutning av tilskipinga har leigetakar ansvar for:- Alle personar er ute av huset- Alle vindauger og dører er stengt og låst- Alle elektriske artiklar er slått av
- Før nøklar vert levert attende og seinast dagen etter leigetiløvet, har leigetakar ansvar for fylgjande:- Kjøkken er rydda og reingjort iht kjøkkeninnstruks.- Bord og stolar er reingjort og plassert i høve møbleringsinstruks.- Lokala er rydda og vaska og tepper er støvsugd iht reinhaldsinnstruks.- Uteareal er rydda for boss og plassert i eigna avfallsdunk.- Toalett er reingjort iht reinhaldsinnstruks
- Utleigar kan ved bråk og uro, eller ved klage, til ei kvar tid inspisere lokala under tilstelninga







