Forsikring
Born til og med 12 år
Alle born som er medlem i Idrettslaget Sand er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund sin avtale med Gjensidige barneidrettsforsikring.
Aktive born er utsette for idrettskader. Derfor er alle born som er med i lag som er tilslutta Norges Idrettsforbund dekka av forbundet sin forsikringsavtale.
Forsikringa gjeld til og med det året ein fyller 12 år (dvs. til den datoen deil fyller 13 år).
Forsikringa gjeld barn som er medlemer i laget, leiarar og trenarar for barn under 13 år når dei til dømes driv trening med borna i klubben sin regi.
Kva gjeld forsikringa?
- Idrettskadar som skjer brått i samband med organisert idrett
- Ulukkeskade i under reise og opphald i samband med organisert idrett
- Gjeld under konkurranse, stemne under organisert trening på bane/hall
Full oversikt finn du her; https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/drifte-et-idrettslag/okonomi/forsikring/
Korleis melde frå?
Skjer det ei idrettsskade som dekkast av forsikringa kan du fylle ut eit eige skjema. Alle skadar må meldast elektronisk.
Skadeskjema:
https://www.gjensidige.no/meld-skade/idrettsforsikring
Idrettens skadetelefon: 02033.
All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast av Idrettens skadetelefon, utan dette fell retten til erstatning bort.
Klubbforsikring IF
I tillegg til forsikringa gjennom NIF har Idrettslaget Sand eigen klubbforsikring gjennom IF. Ansvarsforsikringa dekkjer skade på personar -i idrettslaget sin regi.
Klubbforsikringa dekker eit minimum av dei forsikringar eit idrettslag bør ha. I hovudsak gir denne forsikringa dekning i forhold til arrangementet, styreansvar, generelt ansvar og underslag.
Den gir også ei basisdekning for alle medlemmer ved død/invaliditet.
Skade meldes til IF.no eller telefon 21 49 24 00.
OBS! Som ein ser av vilkår er det ikkje store summar forsikringane dekker ved alvorlege skader, så sjølvsagt bør foreldra vurdera å ha eigne forsikringar på borna i tillegg.







